Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Daa han far laag ute i 1808 og 1814, daa det store slaget stod ved Vinger, kunde dei sjaa dei underjordiske upp i lidi. Det var eit stort fylgje av dei som krigde mot svensken. Dei hadde byrsur, trommur og slikt, plent som me. Kapteinaren og dei høge folket deira hadde likeso mange gullsnoror som vaare. So var det ein annan gong, at han far og ein 30-40 ataat honom vart jagad av svenskarne so dei laut røma. Dei sette telskogs og gjøymde seg under smaa-gronom. Um ei stund høyrde dei ei heil tropp koma gangande. Dei vart rædde kann du vita, og bad til Gud fyr det arme livet sitt. Daa fienden kom so ner at dei kunde sjaa han, skjynad dei strakst at det var underjordiske.
Informasjonom sagnet og kilden