Tilbake
Sitering
Kort referanse
Haugatyet var med i krigen. Norske sagn, ID 53149. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53149
Utvidet referanse
Haugatyet var med i krigen. Norske sagn, ID 53149. ML category: ml6040 (Huldresoldater (Dystetromma)). Collector: Knut Hermundstad. Place: Etnedalen. County: Oppland. Archive signature: NFL 36, s. 116. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53149 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53149/
Haugatyet var med i krigen
NORSK ORIGINAL
Haugatyet var med i krigen
og. Du har vel høyrt gjete Dyste-trumma? Eit år før ei krig
skulde ta te, høyrde dei i gamal tid Dystetrumma gjekk ut. Og
ei stund før det blir fredsslutning, kjem ho att.
Det er sagt at det skulde ha vore ein kraftig tambur den
Dyste-tamburen. Ein gong han kom heimatt etter krigen, hadde
mannen på Dyste vore ute og høyrt han. Då hadde han tykt
han hadde slege for dårleg. "Du få slå lite harare, so mø få
høre det," sa'n. Men då hadde nok tamburen slege sterkt nok.
Han slo so glasrutone på Dyste røste. Slik er det sagt.