Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Det var tvo naboa som ha kvar sin nisse. Så var dei så fæle til å stela høy ifrå einannan desse nissan. Men når dei så treftes med kvar sitt høyfang, så falt dei ut og tok til å slåst så høyet fauk om dei. Var det lyse netter, samlast ungdomen og såg på at desse nissan slost så høydrevet stod om dei. Den eine av desse nissan var og så fæl til å halda att i høyet når tenestegjenta skulde plukka høy til krettoret. Når ho så drog alt ho kunde, så slepte nissen med ein gong så gjenta gjekk baklengs på løegolvet. Men då sette nissen i ein god lått.
Informasjonom sagnet og kilden