Tilbake

Um ei Ormevikjing.

NORSK ORIGINAL

Um ei Ormevikjing. So seigjer Sagnet, at i gamle Dagar var det svært myket Orm i Aarsetdalen i Hareidsokni. Daa kom der ein Gong ein Mann, som sa, at dersom ingen hadde set Kvitorm der, so skulde han taka paa seg at vikja Ormen vek, var det so dei vilde løna honom væl fyr det. Ja Løn skulde han faa, og Kvitorm var det ingen som hadde set noket til. "Naar her inkje er Kvitorm, so er her inkje Lindorm heilder", sa Mannen. Sidan kveikte han up eit stort Baal, tok so ei Pipa fram og gav seg til aa blaasa i den. Ret som det var, tok der til at koma Orm etter Orm, og kvar hadde ein liten Kjep i Kjeften. Mannen stod og peika paa Logen med ein stor Stav, og Ormarne for dit og la seg og vart upbrende. Ditta gjek væl ei Stond, men so høyrde dei med ein Gong ein diger Smell uppe i Bergsida. Daa bleikna Mannen og sa: "Døk hev narrat meg, her er Lindorm lika væl, og no gjeld det Livet mit". Han skunda seg daa og fek try Sagbord lagde yver Varmen. Daa det væl var gjort, saag dei ein stor og fælande styg Lindorm koma farande. Han hadde rivet up ei stor Bjørk med Roti, og daa han hadde faat den inn paa Brisingen, gav han seg til at renna etter Mannen. Mannen sprong daa igjonom Varmen paa Sagborde og Ormen etter. Tvo Gongjer gjek det slik og fyst trea Gongen vart Ubeistet liggjande igjen paa Brisingen. Men daa var det inkje rart igjen med Mannen heilder. Han var so forbrend, at det var stygt at sjaa og so trøyt, at han var mest upgjeven. Fraa den Tid er det ingen som hev set Orm i Aarsetdalen.
Informasjonom sagnet og kilden