Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53197. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53197
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53197. ML category: ml3060 (Ormemaneren). Collector: Lars Søreide. Place: Gloppen. County: Sogn og Fjordane. Archive signature: NFS Lars Søreide 4, s. 4f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53197 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53197/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Somme plasse ska det finnast en formektande store orme so kallast før lindormen. En a dei so ha vore ute føre nå va han Ola Fjella. [ ] ---
Han hadde vore ute før lindorma fleire gongje, fortalde han. Fysste gongjen han såg nå, va då han arbedde på Kjilsbrune på Bjørkedala. Dar i Kilstrandene skulde det vere so for gale med orme. Det va aldeles ei plage føre dei. So fekk dei sporna på en finne so kunne kunsten å mane vekk orme. Dei reiste sta og spore nå om han kunne ta på seg å mane vekk ormen i strandene. Jau, det kunne han gjere, berre det va heilt sikkert at det ikkje fanst lindorme i markjene. Og dei påsto at slikt fanst ikkje dar, og då tok han di på seg.
So kom finnen på plassen, og det fysste han gjore va at han kveikte opp en store briselde. So bjønde han å mane. Han Ola kleiv opp på en store steine et stykkje ifrå briselda, før han tykte det va nifst å vere so heilt attemed. Og ormane kom krekande den eine ette hin og for rett inn i varmen og brann opp. Men so haure dei slek ei knaking bort i strandene. Då bjønde finnen å springe att og fram og fikte med armå og det va tydeleg at han va redde, før no skjønte han at det va lindormen so kom likevel. Med same ormen kom rennande, sprong finnen igjånå varmen og ormen ette. So sprong finnen tebake igjen, men då ormen skulde følje, vart det liggande ei bukt igjen inn i varma so ormen brann a. –Heile tia sat han Ola på steina og såg på.