Tilbake

Lindorm

NORSK ORIGINAL

Lindorm. Lindorm har det visst ikkje vøri stort tå i Eidskog, for det finst mest ingen som kan fortelja om han. Men her kjem det da ei segn om han. - For lenge, lenge sidan var det ein kar som ville gjera åt for all den hoggormen som var i Kølabøtn- berje. Men da laut folk stå inne for at det ikkje fanst lindorm der, for elles så var det ute med han. - Nei, lindørm er det itte der, sa dei. Da dro karen saman kvist og kvas og gjorde eit stort bål, som han tende på. - Nå ska je mana all den høggørmen som fins, inn i var- men, men blir dom større og større etter hørt, så er det ute med mæ. Karen sette seg opp i eit høgt tre og tok til å mana, idet han sa: - Kåm med heile din ækt og di slækt! Den eine ormen etter den andre kom og laut på varmen. Og der brann dei så opp. Dette gjekk undan for undan. Men så bar det ikkje likare til enn at ormen vart større og større. Dei slengde seg mot karen i treet, og så gjekk dei på varmen. Karen vart bleik og kleiv høgare opp i treet. Men så kom det eit stort beist, og det var ein lindorm. Da skreik karen. Ormen tana seg oppetter stomnen og fekk tak i karen og kasta han på varmen. Mannen freista koma tå bålet, men ormen passa vel på alle stader. Karen brann opp, men den store lindormen sette mot Hesbølsjøen og stupte seg i vatnet.
Informasjonom sagnet og kilden