Tilbake
Sitering
Kort referanse
Ormen i Sess-marka. Norske sagn, ID 53199. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53199
Utvidet referanse
Ormen i Sess-marka. Norske sagn, ID 53199. ML category: ml3060 (Ormemaneren). Collector: Olav Rekdal. Place: Tresfjord. County: Møre og Romsdal. Archive signature: NFL 30, s. 128f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53199 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53199/
Ormen i Sess-marka
NORSK ORIGINAL
Ormen i Sess-marka
På Setre i Tresfjorden gjorde dei åt for ormen ein gong
lenge sidan. Det var ein finn som for rundt i bygdom og
vikte vekk orm, der dei vilde ha'n te di. Men han var drjug
å ta seg betalt for umaken. Dei høyrde etter 'nå på Daug-
stad først, men dei syntest'n var for dyr. Men på Setre vil-
de dei ha'n. Han skulde ha ei halvtunne smør for di. Men
so skulde dei kavere for at det ikkje fanst lindorm der.
Og det gjorde dei.
So fekk han dei te hogge ihop ved, og gjorde opp bål,
der som saga stend no. Og so gjekk han oppå Høghjellen
og drog ei ripe med staven sin ned på bålet. Og etter den
ripa kom all ormen rennandes på bålet.
Best det var brast det laust oppi Høghjellen eit tur.
Og då var det lindormen som kom setjandes og vilde ta
finnen. Men han hiva seg over bålet på staven sin, og lind-
ormen etter. Slik for dei sju gonger over bålet. Men då
gjekk lindormen for det. Og sidan skal det ikkje ha fun-
nest orm millom Sesselva og Frikfonnelva. Hegren kan be-
re hit ungar somme tider, men dei blir kortliva.