Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53231. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53231
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53231. ML category: ml4005 (Hamløper (mannbjørn, varulv)). Informant: Marit Hulluvolla. Collector: Guri Lomundal. Place: Hemne. County: Sør-Trøndelag. Archive signature: NFS Guri Lomundal 2, s. 53f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53231 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53231/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
At folk kunde tak varg-ham somme tider, er det mange historier om. Det var sikkert folk som trudde på det i Hemna og. Men eg tek med ei slik historie etter ho Marit Hulluvolla. [ ] – Det var ei kone i Medala (her nemde ho Marit gardsnamn, men det har eg glømt), som gjekk og undra seg så på kva mannen hennar helt til somme neter? Han kunde koma inn frå arbeidet, trøytt og sliten om kvelden. Og strakst han hadde ete, la han seg og sov som ein stokk. Men midt på natta sto han opp og gjekk ut igjen. Kom ikkje inn før om morgon. Da var han sveitt og klar. Og la seg og sov eit par timar igjen. Om ho spurte han kvar han ha vorre, fekk ho ikkje svar. Så var det seinkvelds at kona kom ut frå stabburet med mat i henderne. Ein stor varg reiste seg på bakbeina atmed burskloppa og beit i stakken hennar, så det var berre så vidt ho greidde kom seg laus. Ho skreik om hjelp. Folk kom og hjelpte ho inn. Men dem såg ingen varg. Litegran seinar kom mannen inn. Han sette seg attmed skorstein og smia seg ein liten pinne. Satt så og pirka seg i tenderne til han fekk drage ut lange, grøne ulltråder. – Da visste kona kva varg ho ha vorre ute for. Ho ha fått ei stygg rift i den grøne ullstakken sin. Ein dag seinar, da mannen og drengen var i skoga, leita kona opp varghamen! Han låg i den store vedstøa. Ho drog fram heile utysket og brente det opp på grua i eldhusa. Ho tykte ho ha gjort mann sin ei stor tjeneste. Da ho kom inn i stuo, låg han i senga. Er du heimkomen? sa ho. Ja, eg vart så sjuk, best det var. Er mest ikkje mer enn eg kom meg heim. Han ynka og bar seg. Ho stelte vel om han. Han vart liggande mange dagar. Endeleg vart han frisk på eit vis. Man han vart gåande som ein tufs og ein stakkar all sin dag. Han vart alder mer den drivande husbond han ha vorre. Men han var heller alder ute om natta mer. -