Tilbake

Mannen med bjørneham

NORSK ORIGINAL

Mannen med bjørneham Det var ein mann og ei kone som skulde på heia og slå. Kona var med barn, men um kvinnfolka var på kant, so heldt dei kje upp å arbeida for det, i gamle dagar. Det var smått for desse folka, og dei laut slita hardt. Då dei kom på heia, gjekk mannen burt i eit holt. Snart etter kom ein bjørn ut frå holtet og vilde taka kona. Det var so vidt ho fekk berga seg upp på ein stor stein. Ho ropa på mannen, men han kom ikkje. Der stod ho og hadde kje anna enn riva å verja seg med. Ho slo bjørnen i hovudet med riva, gong etter gong, so det kom blod. Endeleg rusla bjørnen inn att i holtet. Ei stund etter kom mannen ut or holtet. "Kvifor kom du ikkje då eg ropa?" spurde kona. Nei, han hadde ingenting høyrt. Dei var nokso fulle av uty i håret den tida. Kona såg etter i hovudet på mannen, men då var han so upphakka og blodig. "Korleis er du blitt slik?" spurde ho. "Det hev du gjort", svara han. - Han hadde vore bjørnen.
Informasjonom sagnet og kilden