Tilbake
Sitering
Kort referanse
Mannbjørn. Norske sagn, ID 53244. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53244
Utvidet referanse
Mannbjørn. Norske sagn, ID 53244. ML category: ml4005 (Hamløper (mannbjørn, varulv)). Collector: Sjur Bøyum. Place: Veitestrand. County: Sogn og Fjordane. Year: 1932. Archive signature: NFS Sjur Bøyum 4B, s. 7. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53244 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53244/
Mannbjørn.
NORSK ORIGINAL
Mannbjørn.
Den fyrste som budde på Veitestrondi, skulde vera mannbjørn. Han budde uppe i Nesa-skori. Ein dag heldt han og kona på å stekte ein høystakk. Då sa han til henne at han vilde vekk ei stund, og erso det kom ein bjørn og beit henne i stakken, so skulde ho ikkje verta redd. Han for uppi Snaue-dalen og drap tvo kvigor. So kom han att til kona som bjørn, beit i understakken hennar, og for vekk att. Um ei stund kom han att som mann, og då hadde han nokre raude larkar millom tennene. Kona tok til å skyna no at det var noko gale med han. Seinare flutte dei til Mollands-marki. Der hadde folk fått greida på at han gøymde hamen sin i smia. Nokre karar tok og sette eld på smia og brende ho upp. Sidan vart hudi over heile kroppen plent som korpa bjørk, og han vart noko rar av seg.