Tilbake

Havmannen fekk huva

NORSK ORIGINAL

Havmannen fekk huva I Bogan i Vestlofoten var det ein båt, som var på veg ut for å setja line. Med eit kom det ein kar upp framfor båten, det såg ut som eit mannhovud, som kom upp or sjøen. Høvesmannen tok huva si og kasta ut til trollet, og strakst kom det burt att. Året etter rodde same høvesmannen i same været. Som dei ein dag er på ferd ut på sjøen, so kjem trollet upp att attanfor båten. Og då sa det: Da tura i vest og da braka i nord, ro på land du som huva meg gav ifjor. Høvesmannen rodde ikkje på sjøen den dagen, og det berga livet hans, for det sette inn med eit slikt nordanvindsrokk, at det var lite truleg han hadde greit seg til lands att hadde han teke ut.
Informasjonom sagnet og kilden