Tilbake

Fiskaren frå Nesna og havmannen

NORSK ORIGINAL

Fiskaren frå Nesna og havmannen. Eit båtlag frå Nesna var på fiske i Lofot. Ein dag dei var ute og drog garna i maksver og stilt hav, så fekk dei med eit sjå ein kar i liksom mannaskapnad, som stakk seg opp av sjøen ikkja langt ifrå båten. Huttetu, eg frys så, sa han. Ein mann av dei på nesnabåten tok eine sjø- votten sin og kasta bort til den framande. Ikkje før hadde han fått vot- ten før han seig attende og ned i hav der han var komen frå. Det vart ik- je snakka noko meir på nesnabåten om det dei hadde sett, dei fekk gjera ifrå seg på sjøen og rodde på land att. Det hende heller ikkje noko meire før etter dei hadde fått gjort ifrå seg kveldsstellet og alle hadde kome seg opp i køyone. Han, som hadde kasta votten til havmannen, hadde så vidt fått kjent søvn, då kjem det ein kar inn i buda, går bort til be- len der mannen ligg og segjar: Du votteleg mann, som votten me gav det lyner i nord og det dundrar på hav. Og så var den framande borte att. Mannen, som låg på belen, var ålvak med eit. Det rans i han, at dei, som alle dei andre fiskarane i været, hadde sett båten lite opp om kvelden, då veret såg ut til å halda seg så fint. Han vekte i ein fart kameratane. Dei fekk båten opp og surra godt fast, men då hadde dei og uveret over seg. Og det var mange av dei andre fiskarane, som den natta fekk båtane sine øydelagde av storm og havbåra, som gjekk på.
Informasjonom sagnet og kilden