Tilbake
Sitering
Kort referanse
Tjørekors, tivedbork og valsrot. Norske sagn, ID 53277. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53277
Utvidet referanse
Tjørekors, tivedbork og valsrot. Norske sagn, ID 53277. ML category: ml6000 (Nærsøken huldrekar (tussefrier)). Collector: Knut Strompdal. Place: Velfjord. County: Nordland. Archive signature: NFL 44, s. 22. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53277 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53277/
Tjørekors, tivedbork og valsrot
NORSK ORIGINAL
Tjørekors, tivedbork og valsrot.
Ei gjente vart så plaga av dei underjordiske. Det var ein
hulderkar som hadde lagt elsken sin på henne og plent ville ha
henne til seg. Ho lika ikkje dette påhenget hans, men ho visste
seg inga råd for å verta kvitt honom. Jau så kom ho på ei list.
Neste gong ho kom i fylgje med honom, så spurde ho kva råd
foreldra hennar skulle bruka for å berga bjøllekua si, så ikkje dei
underjordiske fekk draga av med henne. Jau ingen ting er lettare
enn det, svara hulderkaren, det er berre å ha tjørekors, tivedbork
og valsrot (Valeriana L.) og ha på kua, så var det ikkje nokon
underjordisk som kunne taka henne. Då gjenta høyrde det, så
tok ho og bruka råda sjølv. Men sidan vart ho aldri plaga av dei
underjordiske meir.