Tilbake

Anne Aarhusmoen og tussane

NORSK ORIGINAL

Anne Aarhusmoen og tussane. Anne var dotter til Knut og Kari Strandstoul i Trollebotn i Selgjord. Det var so mykje av tussar og trollskap i Trolle- botn, meir enn andre stadir. Anne visste so mykje aa fortelja um tussane fraa den tid ho var heime paa Strandstoul. Det var ein tussebele, som vanka til ho tidt og traatt, baade naar ho var paa stoulen um sumaren, og naar ho var heime. Han var so strid paa, at ho skulde verta kona hans, at det var kje maate med det. "Sjav heiter eg Rygg," sa han, "aa garen min heiter Rou- fjøll og ligg upponder Vimyrnuten. Aa tek du meg, saa skaa du faa leva som den finaste fruga. Men vi' du kje bli fruge, saa skaa dotte di bli," sa han. Anne svara nubbe nei og vilde slett ikkje vita av 'n; men det muna ikkje, tussen kom att, han, og mol paa sitt same. Ho visste ikkje si arme raad, hoss ho skulde bli kvitt 'n. So prøva ho aa gjekk med salmeboki innafyre bringkluten og tenkte tussen skulde hava avsky for den; men det muna lite. Ei gong bad han um aa faa laane salmeboki hennar, so vilde han skrive namne sitt i ho, men Anne nekta honom det. "Me brukar sama slags prest aa bok, me som de," sa han. "Aa eg skaa lata meg døype i dekkons kjørkje, saa bli garen min au synleg." Men Anne let seg ikkje hugvende. Seinstpaa fekk ho vigsla jord av kyrkjegarden og strøydde i sengi. Etter den tid saag ho ikkje meir til tussebelen.
Informasjonom sagnet og kilden