Tilbake
Sitering
Kort referanse
Winsnes skjønte korleis guten skulde døy. Norske sagn, ID 53310. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53310
Utvidet referanse
Winsnes skjønte korleis guten skulde døy. Norske sagn, ID 53310. ML category: ml4050 (Rop fra vannet ("Timen er kommet")). Informant: Per Olsson Øyråker, f. 1858, d. 1945. Collector: Knut Hermundstad. Place: Vestre Slidre. County: Oppland. Archive signature: NFL 86, s. 96f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53310 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53310/
Winsnes skjønte korleis guten skulde døy
NORSK ORIGINAL
Winsnes skjønte korleis guten skulde døy.
Ein gong var Winsnes i eit merkeleg soknebod. Ein gut som
åtte heime på vestsida i Røn, for ein dag over til besteforeldri
sine, som budde i Hødnisbrøto. Han var der ei tid og såg til
med dei. Ein dag vilde han over att, men besteforeldri hans
nekta han å fara. Det var so klen is. Ja, so laut guten la seg
nøye med dette og vera roleg i Hødnisbrøta. Men um natti vart
guten so klen, at dei trudde tid for tid at han skulde ha døytt.
Då det leid på natti, for ein etter Winsnes, og han kom.
Besteforeldri åt guten sa då til Winsnes at guten hadde vilja
over isen til folket sitt på vestsida i Røn, men då han ikkje
fekk lov, vart han sjuk.
Winsnes totte det var fælt å sjå korleis guten pintest. Han
låg berre og tokna og ikkje slapp åv. So sa presten:
"Gå ned på isen og hent litt vann!"
Det gjorde dei. Presten tok då litt av vatnet og gav guten,
og då døydde han straks på timen.
Det var nok so laga at guten skulde døy i vatn, og det skjønte
nok presten.
Mor til Anne på Hølma tala um dette.