Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53313. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53313
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53313. ML category: ml4050 (Rop fra vannet ("Timen er kommet")). Informant: Johan Jonson Høllen, f. 1842. Collector: Peter Lunde. Place: Søgne. County: Vest-Agder. Year: 1919. Archive signature: NFS Peter Lunde 2b, s. 174f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53313 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53313/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Det var ein prest med Søgne som heitte hr. Huut. Han høyrde ein kveld det
ropa fraa elvi: Tia e kommen, men ikkje mannen! - Presten bad tenarane sjaa vel
etter um det kom nokon farande framum paa vegen. Eit bil etter kom ein mann
ridande. Dei fekk han inn i prestegardsstova, men med same han var innkomen,
fekk han so vondt at det saag ut som han skulde døy. Daa let presten ein av
tenarane gaa ned til elvi og fylla ei flaska med vatn. - Men sjaa deg fyre at du
ikkje spiller noko av det! sa han.
Daa presten fekk vatnet, let han mannen drikka av det, og daa slokna han
med ein gong. Det var ein som hadde vilja gjort av med seg i elvi.