Tilbake

Mastermo-Teppo

NORSK ORIGINAL

Mastermo-Teppo. Eg minnst ho mor tala om ei kjerring som var så sterk å rona. Dei kalla henne Mastermo-Teppo. Ja, det må ha vore ei av rette ulla. Det var ein dag ho hadde sagt seg til reisa bort. Ho hadde ei terne i huset, og ho vart no sett til heimestyrar. Men innan kjerringa forlet, sette ho terna til å kinna. "Du ska ha eit sjeibla ryme i kjinno, men inkj meir, da må du minns!" Jaha. Kjerringa fór, og vekja gjorde som ho var tilsagd. Men rymen ho let i kinna, var jamgodt med inkje, syntest ho. Berre eit lite skvakk etter botnen, just så det vistest kvitt på tverspjeldet. Var så etter rymedallen og hadde i kinna to skeiblad til. Men dette kom ho seg ikkje vel ifrå. Fyrst vekja hadde sett seg åt kinna, la rymen til å svell opp, så kinna vart breidd full. Vekja etter eit kjørel og auste or. Men det hyra inkje. Så etter eit til, og slik gjekk det no unna for unna, til dess ho inkje hadde meir å ha i. Det tok då til å bera i golvet med rymen. Men vekja gjorde seg hard. Sluttpå var ho standande i ryme til knea. Men då slutta det å flø or kinna. Just i det same vekja hadde fått smør av det som var i kinna, kom matmor hennar drivande, sint og a'baska. "Du ha kjinna, ser e," "Ja," sa vekja. Ho visste ho hadde gjort gale. "E sa da me de, du skull inkj ha meir hell eitt sjeibla i kjinno. Da e persing nok å sank ryme i eitt kongerike. Du ha no drev me jønno tre."
Informasjonom sagnet og kilden