Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53323. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53323
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53323. ML category: ml3040 (Trollkjerring kinner smør). Informant: Endre Jonassøn Vindheim. Collector: Moltke Moe. Place: Fjaler. County: Sogn og Fjordane. Archive signature: NFS Moltke Moe 39, s 10ff. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53323 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53323/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
På garden Jerland i Holse sogn fortele segna, ska dar ha leva ei kjærring, som var namjeta af å fengje mykje smør. Altid so kjinna ho på fredagsmorgon so tile, so ho berre kunde. Ho kunde ha so liten rjomme i kjinni* si, att dei andre folki inkje kunde sjå att dar var noke; men straks ho begjynde att kjinne, tok da til at vekse, so att da om et lite bil tok til å vilde renne over kjinni. Då ropte kjærringi: nokk, nokk! Men alti so heldt ho seg med ditta på stovegolva mitt under ljoren, som måtte liggje litetvetta på lett.
Ein dag hadde ho vore fyr seint uppe, å då fekk ho inkje kjinni si full. Som ho stod og kjinna, kom dar inn i stova ein av drenjom hinna. Ho tænkte, da hadde vore son sin, å so seie ho til hann: "Å jøye meg! Idag fekk eg inkje kjinni mi full, fyr eg kom inkje længer hell til Vallestad." (Da er en gard som ligg 1 1/2 mil frå Jærland). Eit bel darette sette ho tenarfolkje sitt til å kjinna, for ho skulde no reise vekk ett bel, men då bar da til. Straks dei begjynde tok rjommen til att renne yver kjinni. Dei auste af al magt, men dei var inkje istand att vinna på alt. Men då da lei eit bel, kom kjærringi heim att; å då ho såg korleides dar stod til heime ropte ho: "Nokk, nokk!" å so vaks da inkje meir. Eit bel darette skulde kjærringi reise av garde att et stykje veg, enten da no va i jestabod hell (kvatt) ei er ukjendt. Men fyr ho reiste, både bad og velsigna ho heimefolkje sitt, att um dei såg eit kvart spøykjelse sittja på kjinni hinna, so måtte dei inkje gjere da noke (ilt) vont.
So va da ein dag att mannen hinna sat i stova si og arbeidde (på) sko. Mens han sat dar og såg seg ikring, glana hann også burt på kjinni. Då vart hann var, att der borte på kjinni fyr hann å sjå til, sat ei pådde, so såg ut, so ho hadde vore nere i kjinni. Då tok hann og kasta skolesten i ho, å træfte ho so godt, att lårbeine gjekk tvertå, og ho vart straks vække. Då da lei litetvetta, kom kjærringi hans heim med avbrote lårbein. Då fyrst fek hann vita kvatt slags kjæring han hadde.