Tilbake
Sitering
Kort referanse
For mykje av de goe. Norske sagn, ID 53324. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53324
Utvidet referanse
For mykje av de goe. Norske sagn, ID 53324. ML category: ml3040 (Trollkjerring kinner smør). Collector: Moltke Moe. Place: Lårdal (Høydalsmo). County: Telemark. Archive signature: NFS Moltke Moe 59, s. 7-8. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53324 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53324/
For mykje av de goe
NORSK ORIGINAL
For mykje av de goe.
Eigong va de ei Trollkjering, som sille te Hekkelfjøll so svint. Fyr ho reiste sa ho te Tenestgjento si: "No mæ eg æ burte sko du kjinne aa hava Smøre færugt te eg kjem atte, aa so tek du tri Skaalir mæ Vatn aa hev ne i Kinna, aa du maa nøyte deg; for eg æ kji lengje burte" sa ho. "Te so stor ein Kopp monar vist ikkje tri Skaalir", tenkte Gjenta, "Kinna æ mest tom; æ Vatne te nokon Nytte, so maa eg daa i de minste hava ne i seks-sjau". Ja ho gjore so, og tok te kinne. Men daa va de 'kji lengje fyr den vesle Rjomen auka; de va snart so, han flaut yvi Kinna. Ho auste uppi andre Koppar aa tok te kinna atte, men de blei verre aa inkje bete. "De va daa Troll te Kinne, naar de monar kji hossi eg øyse", tenkte Gjenta. Ho va verre hell ille stellt, for Rjomen flaut utyvi heile. - Daa Trollkjeringi kom att aa fekk sjaa detta, blei ho vond aa sa: "Hossi hev du fare at, ha du meir Vatn, hell du sille upp i Kinna". "Ja eg ha uppi sjau Skaalir", sa Gjenta. "Du ha daa havt nok mæ Rjomen ifraa tri Prestegjell, um ikkje ifraa sjau, vett eg" sa Trollkjeringi.