Tilbake

Tok dygda frå ei ku og sette på ei anna

NORSK ORIGINAL

Tok dygda frå ei ku og sette på ei anna. Foreldra til bestemor forpakta sjefsgarden Berg i Sokne- dal i ungdomen. Bestemor var berre småjenta den gongen, men ho kom vel i hug at det var ein mann på Gynnild som hadde sagt i eit jullag at det var inga sak å ta dygda frå ei ku og gje ho til ei anna. Denne kroppen kunne meir enn andre. Det var i 1840-åra han sa dette. Dette å ta dygda frå andre kyr er mykje omtala i dalføret. Det er fortald om Lisbet Nypan. Ho bad tenestjenta ta eit skeiblad røme da ho skulle kinna smør til helga. Lisbet sjøl gjekk ut ein tur og da ho kom innatt møtte ho rømefloa i døra. - Tok du all rømen du da, eg sa du skulle ta berre ei skei, og du tok rømen frå sju prestegjeld.
Informasjonom sagnet og kilden