Tilbake

Pilsettjedne var hylt

NORSK ORIGINAL

Pilsettjedne var hylt. Uppå åsen her er det eit tjern som haugafolket har fingra ved. Det heiter Pilsettjedne. Dei gamle fekk ikkje fiskesleta der, er det sagt. Dei trudde difor det var hylt. Dette laut det rådbøtast på. So tok han Andris i Mørken og han Sjugurd, sonen hans, og gjekk på Aurdals-kyrkjegarden etter noko jord ei natt. Jordi fyllte dei i ein pose og rusla te Pilset att. Då det tok te ljosna av dagen, strådde dei denne jordi rundt tjernet. Då skulde ikkje haugafolki ha makt med det meir. Men det var vel berre noko tull, dette. Han Tore på Marken og han far reinsa uppatt osane, so fisken slapp te gå uti elvane og yngje. Då vart det fisk att i Pilsettjedne.
Informasjonom sagnet og kilden