Tilbake
Sitering
Kort referanse
Korleis Kjøln vart fiskelaus. Norske sagn, ID 53337. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53337
Utvidet referanse
Korleis Kjøln vart fiskelaus. Norske sagn, ID 53337. ML category: ml6065 (Huldretjern). Informant: Torger Larsson Kollstad. Collector: Knut Hermundstad. Place: Øystre Slidre. County: Oppland. Archive signature: NFL 86, s. 122f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53337 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53337/
Korleis Kjøln vart fiskelaus
NORSK ORIGINAL
Korleis Kjøl'n vart fiskelaus.
Mellom Turrsjøe og Trøllåse er det ein fjord dei kallar Kjøl'n.
Um denne går det ei segn:
I Kjøl'n var det ikkje fisk før 1890. Då bar eg fisk dit. Men ein gong for lenge sidan hadde det vore fisk der. Nokre hadde ein gong sett ut net i fjorden der, men dei vart burte. Dei trudde so visst at dei var avstolne. So skulde dei få tak i nokon som skulde banstøyte tjuvane eller tjuven. Dei fekk so tak i ein prest. Det var ikkje nokon annan som greidde slikt.
Ja, presten kom og skulde ride tre kast ikring vatnet bakfere på ein svart hest. So var det vel nokre utvalde ord han skulde seia. Korleis dei var, veit eg ikkje. Men soso presten hadde teke til på tredje kastet eller runden, høyrde han det skreik:
"Esle att le,
so fiske mø
både du o e!"
Då snudde presten og reid ikkje ut tredje kastet.
Um litt kom tjuvane fram. Neti med fisken på flaut upp. Det hadde kome so mykje fisk i neti at dei hadde sokke.
Sidan ein gong hadde noko liknande hendt. Men då hadde fisken vorte heilt burte. Tjernet låg som sagt, fiskelaust til 1890.