Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53357. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53357
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53357. ML category: ml5085 (Byttingen). Collector: Ragnvald Mo. Place: Nordfold. County: Nordland. Archive signature: NFS Ragnvald Mo 10, s. 28. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53357 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53357/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Det var på eit til stelle i Tysfjord dei fekk ein unge forbytt.
Kvartetter ungen voks til, fekk dei full visse for det han høyrde til åt dei underjordiske. Det var no elles noko aparta med denne; dei hadde han mistenkt for det han kunde både tala og meir til, men aldri small det ord av han når nokon var i lag med han.
Dei som var til foreldre, var no og søkte upp ein ronakall; so bad dei han røyna ut um ungen kunde tala.
"Da vinn døkk'r allti jer sjøl", sa finnkallen.
Og han gav dei råd. Kona skulde koka eit skeiblad med graut, sa han. Deretter leita fram det største stavkjørelet det åtte, og bera i gammen. Dei var lappar dei som hadde bytingen, måvita, so dei var buande i gamme. Kjerringa skulde so leggja grautklatten i kjørelet. Men alt med ho styra med dette, skulde mannen kry seg på gamtaket, so vilde han nok få høyra at ungen kunde tala, sa finnkallen.
Dei gjorde no det dei var bedd. Og fyrst kjerringa hadde lagt grautskjeret i kjørelet, gjekk ho ut.
Ungen drygde ikkje lenge innan han var og glytta. Men då slo han hendene ihopen, og ropa over seg: "No ha e leva i sju vefall, men inkj ha e sett so gale. Stort kjørel å lit mat!"