Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Zetlitz var prest i Kvitseid, han hadde svarteboka, seiest det. Så skulle han i soknebod til Seljord. Han rei, guten gjekk etter. Da dei kom ein stad ein hadde hengt seg, stana hesten. "Se gjennem beksleringen," sa presten til guten. Han så gjorde: da såg han ein mann som låg på ryggen med bringa mot hesten. Presten sa noko. Men da kom det bein under hesten. Han skar ut så guten såg honom som ei skodd. Eingong Zetlitz kom køyrande, gjekk karjolhjulet sund. Da mana presten Gamle-Erik til å legge seg rundt hjulstiklane og halda hjulet i hop med presten køyrde. Og presten slo på og køyrde så sandføykja stod, og Gam- melen laut halda. Det var ein hard jobb. Men presten kom heim, og hjulet heldt. Da fyrst fekk styg- gen sleppe. Det var ålag som var ampert. Men presten kom da fram, å det som fort var. Det var sendre med å ha svarteboka da.
Informasjonom sagnet og kilden