Tilbake

Mentz Rynning.

NORSK ORIGINAL

Mentz Rynning. I 1664 hadde Vinger to anneks: Øyset og Eidskog. Det var fyrst i 1859 at Eidskog vart eige prestegjeld. Ein tå dei siste sokneprestane som Eidskog hadde saman med Vinger var M e n t z R y n n i n g. Han gjekk under namnet V i n g e r s t i t t e n, det var òg, dei som kalla han S k i n n a r b ø l p r e s t e n. Dette siste namnet fekk han av di han bodde på garden Skinnarbøl i Vinger. - Mentz Rynning hadde studert i Wittenberg, men om han hadde fått svartboka der er det ingen som veit. Men at han åtte denne boka gjekk fullt og fast blant bygdefolket. Og meir enn andre kunne han. Ein gong Rynning hadde vore på Matrand og skulle heimatt til Vinger, so hadde nokon stole og gøymt det eine karjolshjulet hans. Og da skulle han ha sagt: "Den som har taget hjulet, skal faa holde oppunder." Og så bar det ikkje betre til enn at puken var den som laut gjera dette. Puken skreik og bar seg, men slapp nok ikkje undan. Og meir enn fort skulle det ha gått.
Informasjonom sagnet og kilden