Tilbake

Dauengan på Røst

NORSK ORIGINAL

Dauengan på Røst. Det var berre kjerka og kjerkegårn som låg på øya Glea på nordvestsia på Røst før i tia. Kjerkegårn låg på ei sandmo attmed sjøen, for der var ikkje djup nok jord andre stader. Ein dag utpå hausten kom det ein stor sildstim inn i vågen tett attmed kjerka. Men det var kveld, og folk samsnakka om at dei skulle ikkje fare og fiske sild før dagen etter. Det va nokså nifst der i mørkra. Men kallen og kjerringa på Hammaren ville no likevel lure seg avstad og hente seg ein god fangst. Dei tok to stakkar som dei batt for den eine enden på, og håva opp til dei var fulle. Så tok dei heimvegen langs fjæra neafor kjerkegårn. Då hørte dei fæle ul frå havet og såg ein flokk draugar som kom etter dei. Då sprang dei inn på kjerkegårn og ropa: "Opp alle kristne til kamp imot draugen". Dauengan kom opp av gravene sine med bordendar i hendene. Kallen og kjerringa hadde nok med å kome seg unna, og sildposane måtte dei hive frå seg. Men dauengan hoppa over kjerkegårdsgjerdet og draugane kom opp frå havet, og det vart ein fæl strid der nedpå bakken. Det var dauengan som vann, og draugan vart kasta på havet. Då det vart lyst, kom folk og skulle fiske sild, men der fekk dei sjå eit uhyggeleg syn. Der låg likkistefjøler og tareleggar spreidd vidt utover heilt ned til flomålet. Men silda var bortkomen og var borte det året.
Informasjonom sagnet og kilden