Tilbake

Skrymtet i Heggdalen

NORSK ORIGINAL

Skrymtet i Heggdalen. Millom Balsnes og Bø i Ofoten er det ein dal som heiter Heggdalen. Det er mykje skog i dalen, så han held seg skum og myrk. I gamal tid spøkte det mykje der i dalen, og mange var redde for å fara der. Eingong var det eit brudlaup på Bø. Det var då to gjentor som skulde gå ifrå Balsnes til brudlaupsgarden. Då dei kom i Heggdalen, var det ikkje lite skumt av kvelden. Den eine sa då med den andre, at er det no så det er skrymt i Heggdalen, så lyt no vel vi få høyra det i kveld. Dei hadde ikkje fyrr sagt ordet, fyrr dei høyrde eit mål uppe i lida: Hels han Krylekropp som 'pund' bordet sat at han Bal i elden datt! Då gjentone kom til Bø var det just tid å gå til brurbordet. I bordlaget var det mange som hadde eit ord å segja. Sume rima for brura, og nokre rima over brudgrauten og hadde eit ord både for brur og brudgom. Andre bar fram helsingar eller fortalde. Gjentone frå Balsnes bar då fram det bodet dei hadde fått i Heggdalen: Hels han Krylekropp som 'pund' bordet sat at han Bal i elden datt! Og med same dei hadde slept ordet av munnen, for det ein likjelse undan bordet og på dør. Håhåh! Håhåh! Håhåh! skreik han.
Informasjonom sagnet og kilden