Tilbake

Haugafolki tolde ikkje at gudstenesta deira vart skamskjelt

NORSK ORIGINAL

Haugafolki tolde ikkje at gudstenesta deira vart skamskjelt. Jonskør heiter stølen til Kasa og Strønd i Øye. Her har mange både sett og høyrt haugafolk. Ein gong for lenge, lenge sidan, skulde ein mann tå Kasa på stølen etter hestane sine. Han leitte både lenge og vel. Til slutt kom han burt åt ein stor stein. Best han stod der og gleinte etter hestane, der høyrde han tydeleg det song, las og bad inni steinen. No var Kasa-mannen den tid ein alt anna enn gudeleg mann. Og då han hadde stade og høyrt på dette ei stund, vart han sint og skreik inn i steinen: "De bi nøkk ikkji salige lell, ko mykje de syng o les!" Dermed sprang han burt frå haugafolkkyrkja, for det var nok ei slik ei han hadde stade ved. Men etter den dagen vart Kasa-mannen meir enn ille ute. Kvar han gjekk og stod, totte han det var noko som fylgde han og sutra, gret og let. Til slutt vart det so ille at han fekk ikkje fred nokon stad. Ein dag laut då Kasa-mannen rusle til Jonskør att og burt til den same steinen, der han hadde høyrt det las og song inni. Men no ropte han inn i steinen: "Jau, de bi nøkk salige ner de lese, synge o bee!" Etter den dagen fekk Kasa-mannen fred att.
Informasjonom sagnet og kilden