Tilbake

Den vonde

NORSK ORIGINAL

Den vonde Ein gut vilde ha ei gjente, men ho vilde ikkje. Ho svor på da ho vilde heller ha Styggemannen enn den guten. Men på resten vart da te da at ho skje gifta seg med han. Da vart brudlaup og dei danste. Då kom det ein mann inn og vilde dansa med brurene. Dei trudde da va ein almindelig mann, og da er ofte da kjem folk og dansar i brudlaup. So danste han med brurena, og då såg spelemannen at han hadde nett so hestehova på føtene. Han såg meire elde hine han spelemannen. So danste han me 'ne ei stund, og so for han ut gjennom døren med henne. Men so kunde han 'kje reisa med henne langt før dei tok kruna tå henne. Dei trefte fyrst ein gamal mann og vilde gje han mykje pengar dersom han vilde ta kruna tå henne, han kunde ikkje gjera det sjølv. Men han vilde ikkje. So trefte dei ein liten gut, og denne mannen lova at han skulde få fudle lommene med pengar, vilde han ta kruno tå. Da gjorde han. Og so for han mannen, da syntes beint nedgjøno jorde med hinne. Da sa mor at da va sant, da va i gamle dagar, fortalde ho. Dette er ei gamal forteljing.
Informasjonom sagnet og kilden