Tilbake

Per Leirholen

NORSK ORIGINAL

Per Leirholen. Han Per Leirholen hadde svartboka, og så hadde han kome til å løyse Gamel-Eirik ein gong uviljes. Han hadde vel lese der han ikkje riktig kunna, og så kom Gamlin sjøl berre så det fræste. Han Per visste ikkje si arme råd korleis han skulle få han bunden att. Så drog han bort åt Skreddarstugu-karom og ville få dei til å hjelpe seg. Men Gamlin var ikring han og tversette han gong på gong, og han Per laut kvar gong finne på noko arbeid som hefta han ei stund. Til slutt sette han Gamlin til å laga reip av sand. Og da vart han heftande ei god stund. Det gjekk nok unna å laga sjølve reipet, men da han skulle laga krossen på heldra, vart han tufsande så lenge med det at han Per rakk bort i Skreddarstugu, og karan' der hadde greie på å binde han Gamel-Eirik att. Dei tok ein syl og stakk inn i veggen og tvinga han til å smuga inn der. Men da fekk han Per lært korleis han skulle fara åt om han kom til å løyse Gamlin ein gong til.
Informasjonom sagnet og kilden