Tilbake
Sitering
Kort referanse
Svarteboki. Norske sagn, ID 53490. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53490
Utvidet referanse
Svarteboki. Norske sagn, ID 53490. ML category: ml3020 (Ukyndig løser Fanden). Collector: Kjell Bondevik. Place: Sogndal. County: Sogn og Fjordane. Year: 1920. Archive signature: NFS Kjell Bondevik 1, s. 5ff. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53490 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53490/
Svarteboki.
NORSK ORIGINAL
Svarteboki.
På ein prestegard hadde dei svarteboki. Ein gong fekk borni tak i ho og las. Huset stod snart i loge. Presten skyna kor de hadde seg. Han tok ei tunna med bygg, ei med rug, ei med havre og blanda dei godt saman. So baud han djevelen plukka upp kvart korn for seg og skilja dei åt. Då presten nett hadde lese det stykke han batt han med, so var han ferdig med arbeidet sitt.
Gutungane til Knaken hadde fenge tak i svarteboki. Djevelen kom og spurde kva han skulde gjera. Dei sette han til bera 1000 staur; men då gret han. Når han var ferdig vilde han inn på dei; men dei baud han å bitta tog av sand. Dette var so vandt at dei greidde å lesa det stykke dei batt han med. Enno kan ein sjå togendane på Kaupangerstrandi.