Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Eingong Werlauff var reisande til Kjerringøy, hadde han kome til å leggja [svarte]boka uforvarande etter seg på kontoret. Ein son til presten hadde så funne den der. Sume fortel det var ein gardsdreng. Det kan vel koma ut på det same. Men han hadde gjeve seg til å lesa, og alt medan kom styggen snuggande og fór til å tel på etter arbeid. Han som sat med lesnaden, fekk no ein bakstøyt så han visste inkje rett kva han skulle set den andre til. Så fann han på å be styggen om å telja opp kornaugo i ei korntunne, kvart eitt og eitt. Det arbeidet stod ei tid av. Kom så han att andre venda og kravde på etter meir. Han som hadde løyst, venta på den støyten. Men no hadde han fått tid på seg til å pønska ut noko som var meir kranglåt. Han sette no styggen til å laga band av Skjoldsanden, dei kallar. Jaha. Her bar til. Fyrst føykte han sanden ihopen i lange rygger. Men den- tid han skulle til å få dette til band, vart det meir balka- samt. Sluttpå kom han og bad om urlite tjære å ha i. Han fekk det inkje til å halda ihopen, sa han. Men det ville inkje den andre ut med. I denne sjauen kom Werlauff baker. Og han fekk no visa styggen bort. Men Skjoldsanden ligg der og viser ferda etter han som var i arbeid med å gjera han til band.
Informasjonom sagnet og kilden