Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Plent som Peter Dass skal [presten] Rørdam ha gjenge på Nedgangsskulen i Wittenberg. Han åtte ogso svarteboki og kunde mana fanden. Ei helg han preikte i Odda, leitte drengen – som var heime på prestegarden – fram denne merkelege boki, segjer dei. Han var uheppen og kom til å lesa dei ordi som løyser hin-mannen. Med same stend Gamle-Eirik framfor honom, fløytande galen, og spør kva han vil. Prestedrengen er snøgg-tenkt. Han dreg vonom fyrr til rette ei tunna rug og segjer: "No kann du telja denna kåddnonna, so fær du arbai ai stund." Gamlingen sette seg til. Medan gløste drengen i boki etter dei ordi som bind honom. Men han finn dæi ikkje, og best det er, stend Svarten framfyre honom og er arbeidslaus. "Du fær ga neri præsta-fjøro å laga ait tåg tao sanden darnere," sa drengen. Hinmannen ned i fjøra til gjeremålet sitt. Men det vart ei heller vand vinna. Gamlingen gret, segjer dei. Medan stend Rørdam på preikestolen i Odda-kyrkja og preikar til ålmugen. Då med eitt kjenner han på seg at det er noko gale på ferde heime. Fyrst tenesta er til ende, bed han presteskjussen ro honom heim snøggast han vinn. Då båten legg til prestebryggja, har hinmannen nett fenge tog-stubben ferdig. Men no bind presten honom, og fåren er yver. Toget la dei upp på kyrkjelemen, og der vert det liggjande i mange år. So kom folk til å tenkja på at det var ikkje kristeleg å ha eit slikt djevels verk i Guds hus. So kasta dei det utfor prestebryggja, og der skal det liggja den dag i dag.
Informasjonom sagnet og kilden