Tilbake
Sitering
Kort referanse
STRANDA-PRESTEN. Norske sagn, ID 53521. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53521
Utvidet referanse
STRANDA-PRESTEN. Norske sagn, ID 53521. ML category: ml3020 (Ukyndig løser Fanden). Collector: Torkell Mauland. Place: Rogaland. County: Rogaland. Archive signature: NFL 26, s. 15. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53521 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53521/
STRANDA-PRESTEN
NORSK ORIGINAL
STRANDA-PRESTEN.
Som det gjekk paa Lye, hev det ein gong gjenge paa Strand.
Der stod presten paa preikestolen og kjende paa seg at det
stod gale til heime. Dette sa han til kyrkjefolket og bad deim
orsaka at han gjekk, og dermed fór han ut or kyrkja med ein
gong.
Daa hadde prestkona lese i svarteboki og hadde uvilja
kome til aa løysa hinmannen. Han spurde kva det var ho
vilde, og ho laut finna paa eitkvart.
Det var um hausten, og det stod fullt av tom kornstaur
frametter aakrarne. Fyrst skulde han daa bera heim all stau-
ren. Det gjorde han so fort at det var ikkje meir enn so
mykje ho hadde snutt seg daa all stauren var der han skulde
vera. Sidan skulde han ausa vatnet or Lauvbrekks-tjørni- det
er ei tjørn som ligg tett ved prestagarden. Han gav seg til
aa ausa, og det gjekk med dagen; vatnet rann som ei strid
elv ned Lauvbrekkdalen; men tjørni var so djup at det gjekk
eit langt bil fyrr han vart ferdug.
Sume segjer at det var i Stranda-kyrkja det var preika den
dagen. Er det sant, so kunde det ikkje vera lang stundi fyrr
presten var heime. Andre segjer at han preika med Høle, og
daa er det so lang sjøveg at det gjekk ikkje so faae timar fyrr
han naadde heim.
Daa presten kom, vart det ei hard trætta millom honom
og hinmannen. Presten svara godt fyr seg og heldt paa aa
mana. Etter kvart var det liksom hinmannen folna burt. Paa
resten visste han ingen ting aa svara, og dermed var han
bunden. Presten bora eit hol i golvet, og gjenom det laut
styggemannen ned.