Tilbake

Svartboka

NORSK ORIGINAL

Svartboka. Den som hadde svartboka kunne mana den vonde laus. Skulle dei då verta kvitt honom, så måtte dei anten setja honom i arbeid eller og mana honom ned. Ein kunne binda honom ved å setja eit hol med ei knappenål i blyet imellom glasrutene i vindauga og så mana honom ned der. Ei gjente hadde eingong kome over ei svartbok og teke til å lese i ho. Og før ho visste ord av, så hadde ho Gamlingen der. Det var første gongen ho hadde lese i svartboka, og ho visste ikkje korleis ho skulle mana honom ned. Men ho hadde høyrt at sette ein honom berre til eit arbeid han ikkje greidde, så var ein kvitt honom. Ho visste seg då inga anna råd enn ho rykte eit hår ut i skravet og sette honom til å beinka det. Det greidde han ikkje, og gjenta var berga.
Informasjonom sagnet og kilden