Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53534. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53534
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53534. ML category: ml3020 (Ukyndig løser Fanden). Collector: Tore Bergstøl. Place: Lindesneskanten. County: Vest-Agder. Archive signature: NFL 22, s.26. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53534 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53534/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Ein gong presten var i kyrkja og preika, hadde tenestguten
fenge tak i svarteboka og teke til aa lesa i henne. Daa han var
komen saa langt som til der det stod um korleis dei skulde løysa
Gaml-Eirik, daa visste han ikkje av før han kom inn gjenom
døra til han.
Presten kjende det liksom paa seg at det var noko gale tiss
heima, og saa slutta han preika saa snart han kunde og reiste
heim.
Daa han kom inn paa kontoret, var Gaml-Eirik der. Presten
sa daa til han at han skulde gaa burt paa Bersaghauen og pila
lauvet av den stora bjørka som stod der. Ja, Gaml-Eirik maatte
ut, men det var berre eit melle grand saa kom han att. Daa var
han alt ferdig, og presten fekk ikkje saa mykje tid paa seg at
han fekk bunde han att paa dette vesle bilet. Saa visste ikkje
presten onnor raad enn han sette i ein liten blaas og sa: "Naa
kann du henta den!" Daa var han burte i sju aar, og kom daa
att med eit lite grand i ei pennefjør.
Naa hadde presten funne paa ei endaa betre raad, han sende
han ut paa Rosfjordsanden, og der skulde han tvinna eit taug
av sand. Det blei han daa sitjande med, for han greidde ikkje
aa faa meir enn ei ala, daa gjekk det sund att for han, saa der
sit han visst ennaa.