Tilbake
Sitering
Kort referanse
Ormen var takksam. Norske sagn, ID 53539. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53539
Utvidet referanse
Ormen var takksam. Norske sagn, ID 53539. ML category: ml3065 (Padda og ormen). Place: Seljord. County: Telemark. Year: 1904. Archive signature: NFS Allers, nr, 10. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53539 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53539/
Ormen var takksam.
NORSK ORIGINAL
Ormen var takksam.
Ein gut i Bø kom ein dag yvi ei podde og ein orm som sloss, og podda som var reint yvigangs stor og sterk, heldt på å forgange ormen. Det var reint grøteleg å sjå korleids han vreid og kunta seg for å koma unda. Guten totte synd på ormen, treiv so ein bjørkesvege og slo podda i hel, og ormen beit seg i sporen og trilla burt.
Ei tid etterpå kom guten gangande berrføtt yvi sama staden og fekk so eit poddebein i foten. So tok foten til å verkje, og hovna upp so han var fæl å sjå. Det stod um livet.
Ei nott vakna guten i at nokon stelte med såret hans. Han kjende korleis det batna og leda seg ikkje. Då det ljosna, såg han ein orm som rann bort frå foten og ut. Andre notti kom ormen att, og då kjende guten at han drog eit bein utor foten. So slikka ormen såret vel og for so ut at. Eit bil etter kom han inn att med eit lækjomblekke som han la på såret. Det gjekk ikkje mange dagane før guten var god att.