Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Presten laut mana guten ned i kyrkjegardsjordi. Det var ein gong ein prest som kunde mana. Men det visste ikkje folk. Dei undra seg likevel over at presten hadde so ofte ærend til kyrkja om kveldane. Ein gut fekk hug til å skræme denne presten. Han tok på seg ei kvit bleie og gjekk på kyrkjegarden og låst vera ein draug. Då presten fekk sjå skapelset, ropte han: "Æ du eit minniskji, får du uppedaga de" Det knatt ikkje i guten. Presten tok upp att spørsmålet, men ikkje noko svar fekk han. Då skreik presten: "Æ du minniskji, lyt du no uppedaga de?" Men då guten no med drygde med å svara, var det ikkje lenge før han tok til å sige ned i jordi like til knesbøto. Då tok guten til å rope um hjelp. Då sa presten: "Ja, no æ e'kji go te ta de att" Men før guten for nedi jordi for godt, gav prest sakramentet, er det sagt.
Informasjonom sagnet og kilden