Tilbake
Sitering
Kort referanse
Utrøst. Norske sagn, ID 53565. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53565
Utvidet referanse
Utrøst. Norske sagn, ID 53565. ML category: ml4075 (Utrøst). Collector: Knut Strompdal. Place: Helgeland. County: Nordland. Archive signature: NFL 19, s143f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53565 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53565/
Utrøst
NORSK ORIGINAL
Utrøst.
Ein mann som heitte Isak, kom ein dag han var på sjøen ut
i ei slik svarteskodda, at han ingenting kunde sjå ikring seg.
Han rodde og rodde, men land fann han ikkje, og like tjukk og
svart låg skodda. Og til sist visste han ikkje kvar han var; for
kompas hadde han ikkje. Men han dreiv på og rodde framleides
i von um at skodda vilde letna. Som han no dreiv på og rodde,
fekk han sjå land framfor seg. Han la straks åt og gjekk upp
på land for å finna ut kvar han vel var komen av. Det var lik-
som noko så kjent over landet, men han kunde ikkje finna ut
kvar helst han var komen likevel. Som han såleis gjekk der
åleine, kom det ein blåklædd mann gåande. Og då han var nær
nok komen, så helsa han og sa: "God dag, Isak, og velkomen
til Utrøst!" Isak vart forundra over at mannen kunde kjenna
honom, for det var ein han aldri hadde set før. Men Isak let
seg likevel ikkje merka med noko. "Kan du sei me ker e e no?"
sa han. Men framandkaren vilde ikkje ut med meir, og Isak
laut gjera seg nøgd med det han hadde fått vita for det første.
Som dei no stod der og prata, fekk Isak sjå at det var ein
raudmåla gard ikkje langt ifrå, og ei bryggja stod der òg ved
sjøen; ho var raudmåla, ho òg. Ja, Isak vart då med kallen
heim til husa og vart der ei tid. "Såg du noko te sønin mina?"
spurde kallen medan dei sat inne og prata. Nei, Isak hadde ikkje
anna set enn tre skarvar på ein roten stokk som låg og flaut.
"Fy fyse me, dæ va sønin mina," sa kallen. Isak var der utover
dagen, og då det leid på, kom sønene til kallen attende av sjøen.
Dei ha' fiska så dei ha' last i båten, det såg ikkje ut til å ha vore
fiskelaust der dei hadde vore. Kallen og Isak gjekk ned til sjøen
og hjelpte til med å setja båten upp. Isak fekk då sjå at det
låg ei gild jekt utpå hamna. Ja, no hadde han set at der var
fisk, sa kallen til honom, vilde han no, så kunde han få skipa
seg i lag med dei for resten av vinteren. Isak tenkte med seg,
at det såg ut til å ha vore godt fiske der desse karane hadde
vore, og så fekk det då våga seg, han slo til.
Så vart han då der og rodde fiske i lag med dei den vinteren.
Men det føreorda kallen seg med, at uppgjerd, det fekk han
ikkje før etter Bergensturen. Dei gjorde eit storfelt fiske, og tida
gjekk fort. Sønene til kallen var nokre gilde lettliva karar. Dei
dansa og ha' det trøysamt i jektvengen kvar søndagskveld. Der var
òg Isak med. Då det leid fram til den tida då Bergensstemna
brukte å vera, så siglde dei sørover med jekta. Isak var òg
med. Frå han gjekk ombord og til dei kom til Bergen, såg han
aldri folk ombord, det var som skulde han vore åleine. Men
røynte det på, anten det no var storm eller kva som kunde koma
på, så var det alltid fullt mannskap. Like eins gjekk det på
heimferda òg. Då dei atter var komne nordover, fór Isak heim
frå Utrøst. Han var ein rik mann etter den dag.