Tilbake

Han fekk fjøset flytta

NORSK ORIGINAL

Han fekk fjøset flytta. Bestefar budde på Sørsømna. Han fortalde, at der var det ein mann som vart ute for mange uheld i fjøset sitt. Eingong var det endå ei ku, som fekk ryggen avslege. Mannen vart sidstpå aldeles utfattig. Naboane tykte synd i honom, og dei spurgde, om han hadde renska tomte godt før han tok til å bygja. Men mannen viste ikkje om noko, som var som det ikkje skulde vera i så måte. Så ein julaftan han sku ut å stengja ytterdøre kom det ein mann og helsa. "Goddag! e dæ slike folk ute så seint", svara mannen. "Å dæ e no ikkje så seint endå", svara den framande. Han var no ikkje vant til, at fremmenfolk for ute så seint julaftan, sa mannen. Å, han var no ikkje så langt ifrå heller, let den framande. Vilde ikkje mannen gå eit stykke ilag med honom, så skulde han få sjå heimen hans. Mannen var ikkje huga på det, det var julaftan, og då var det ikkje sed å fara borte i gardane, og elles kjente han ikkje den framande. Men den framande forsikra, at det vart ikkje lang stubben å gå. Velkledd såg han og ut, så tilsidst vart mannen med. Strakst dei kom bort om fjøset, så kom dei inn i ei fin stua. Inne i den var det pynta til fest, såg det ut til, og risengryngrauten stod i fat på bordet. Men noko andre mennesje var det ikkje å sjå. Han hadde gjerne vilja late han fått eta med seg ikveld ette så det var julaftan, sa den framande. Og så sette dei seg tilbords. Men ikkje før hadde dei sett seg, før det byrja å renne noko slag ned i grautfatet til dei. "Ja der sjer du ka e ha mått ha å dragast me ut gjønno åran, kvar gong kjy'n dine pessa rinn dæ ne i matfatan mina," sa fremmenkaren. Mannen tykte dette var meire enn slemt, og det sa han til verten sin og. "Dæ va erne hans i kveld, om han ikkje vel ta å fløtt fjøse sett", sa fremmenkaren. Han ha alt tenkt på det; men han var for fattig til å setja den tanken i verk, svara mannen. Ja, det var ikkje så om å gjera med det nettopp, det var mest om å gjera om han vel ha fjøset fløtta. Jau, det vilde mannen gjerne det. Så bar det ut igjen, og mannen viste ikkje ord av før han stod på markje attmed fjøset sitt. Men då han stod opp juldagsmorgonen var fjøset fløtta. Sidan då hadde han altid løkka med kreturan sine, og han vart ein velstandsmann.
Informasjonom sagnet og kilden