Tilbake
Sitering
Kort referanse
I Haubokkheimen. Norske sagn, ID 53590. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53590
Utvidet referanse
I Haubokkheimen. Norske sagn, ID 53590. ML category: ml5075 (Flytte fjøset). Informant: Guri Finnset. Collector: Olav Rekdal. Place: Nesset(Eikesdalen). County: Møre og Romsdal. Archive signature: NFL 30, s. 91f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53590 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53590/
I Haubokkheimen
NORSK ORIGINAL
I Haubokkheimen
Det var ein stor gardbrukar oppå Landet som miste ein
hest mykjegodt sikkert kvart einaste år. Og so var det jul-
aftan eit år at han kom vekk, gardbrukaren. Dei fann han
ikkje att alt dei leitte. Og til slutt so var dei stad og løyste
kyrkjeklokkone. Og då kom han att. Men då leid det langt
på natt.
Då fortalde han tå, at då han kom ut og hadde gjeve
hestane, so blei det oppletta ei luke utfor stalldøra hans, og
det kom opp ein mann og bad han fylgje seg -
"Her e mørrt her - sa'n, framandmannen - men du
trø her so I trø no, so ska de ikkje nåkkå bli de."
Ja, om ei rid då blei det opplata ei dør, og dei kom inn
i ei stove. Det var ljøst og fint og reint inne der. Mannen
bad han då setje seg ned. Og då vart han var at der var
fire born og ei kone inne. Kona gjekk på koka. - Mannen
gjekk stad og tappa ti ei skål med øl og kom og vilde gi
gardbrukaren. Men det drakk han ikkje noko tå, for han
hadde høyrt det, at om det hender slikt med nokon skulde
dei ikkje nyte anten mat enn drikke, for gjorde dei det
kom dei ikkje der ifrå.
So laga kona til mat, og dei bad han setje seg til bords.
Og det gjorde han au. Men han åt ikkje noko. Men med han
sat der og skulde låst få seg mat, so kom det noko væske
rennande nedover stoveveggen deira. Og so sei han det:
"Sjå der kjem de nåkkå vatn rinnandes neover veig-
gjinn dåkkå -"
"Ja de va de I ville vise de - sa mannen - Før I bur
onde stalla dine, I - sa'n - Å vel du no gjere me deinn
tenestå at du fløtta stall'n dinn - sa'n - før du he plass å
fløtte, men de he ikkje I - so ska du ikkje møsse hesta of-
tere i di ti."
Han let opp døra og fylde mannen opp igjen då, hau-
bokken, når han hadde fått synt 'nå det han vilde.
Og mannen flytta stallen, han, når våren kom. Og frå den tid miste han ikkje hestar meir - hadde han sjølv fortalt tå.