Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53595. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53595
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53595. ML category: ml5075 (Flytte fjøset). Collector: Halldor O. Opedal. Place: Kvam. County: Hordaland. Archive signature: NFL 46, s. 32f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53595 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53595/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Når dei sette upp uthus, laut dei vara seg, so dei ikkje bygde
te meins for underjordsfolk, elles kunde det gå ille. Han fekk so
sjå ein mann som nett hadde bygt seg flor. Kvar morgon stod
flordøri opi, og kyrne fraus og utreivst. "Eg ska vel finna ut ka
slag utyskje da æ so æ so mainsvore imot meg," tenkte han. Ei
natt vart han vis med eit kvinnfolk som var i ferd med å dra ut
dørkluren. "Kafy gjere du detta?" spurde mannen. "Du ha bygt
te mains fy oss," sa ho, "du ly'te flytta flo'ren din, so ska du fao
heppa mæ krøteræ dine." Han so gjorde, og etter den tidi flødde
velstanden på honom. Ein morgon stod det jamvel tvo drustelege
kyr utfor flordøri, og han høyrde einkvan som sa: "Ta du dy'ræ!
Me unne deg vèl." Han bæste då kyrne i floren sin, og naut dei
gjorde han.