Tilbake

Kvifor det var slike spræke hestar på Køllstad

NORSK ORIGINAL

Kvifor det var slike spræke hestar på Køllstad. Statsråd Harbitz tala ein gong til meg um kvifor bøndene på Køllstad hadde slike fine hestar. Men var det ikkje rart, du, at eg laut til Oslo for å få vita dette? Harbitz var vel kjend i Køllstadbygd'n. Han hadde med han var smågut, vore med far sin, presten (Georg Prahl) Harbitz hit til Valdres (i 1839). Det statsråd Harbitz sa, kjem no: Ein jolaftan kom det ein mann inn til gamlemannen på Køll- stad og sa: "Du lyt visst ta de på å fløta stall'n din, du. Før ner mø ha sett på juleborde juleeftan, mø, o hestadn dine ska gjera dæ dei treng, so kjem dæ beint ne på juleborde vårt, og dæ æ so uselkele." "Ja," sa Køllstad-mannen, "ner dæ æ slek, so får e vel finne me i di å fløta stall'n." "Ja, du kann trygt gjera dæ," sa denne mannen vidare. Og so la han til: "Du ska nokk ha like før dæ!" Jau, Køllstaden gjekk straks i gang med å flytta stallen sin. Sidan hadde han slik makalaus lykke med øykjo sine.
Informasjonom sagnet og kilden