Tilbake
Sitering
Kort referanse
Han hadde sett fjøset over dei underjordiske. Norske sagn, ID 53605. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53605
Utvidet referanse
Han hadde sett fjøset over dei underjordiske. Norske sagn, ID 53605. ML category: ml5075 (Flytte fjøset). Informant: Adrianna Korgen. Collector: Knut Strompdal. Place: Korgen. County: Nordland. Archive signature: NFS Knut Strompdal 11. s. 85f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53605 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53605/
Han hadde sett fjøset over dei underjordiske
NORSK ORIGINAL
Han hadde sett fjøset over dei underjordiske.
På Brygfjeld i Korgen vart dei eit tak så plaga med at hestane fekk slikt vommkast. Kvar Ola Anderson, så heitte mannen der, fekk hestane sine ifrå og same kor friske dei var når dei kom dit, så snart dei hadde stade på stallen i Brygfjellet, så hadde dei fått vommkast.
Så kom Visknut reisande ein tur nordover og kom til Olderneset i Korgen. Ola Anderson for då nedover til Olderneset for å høyra etter om Visknut kunde segja kva orsaka for dette kunde vera. Visknut vart med Ola oppover til Brygfjellet. Ja kan du segja kor det høv til at alle hestane mine får vommkast, sa Ola då dei var kome på staden og hadde sett seg om. Jau, svara Visknut, han hadde bygd fjøset sitt over fjøset til ein underjordisk, så når hestane meig, så rann det ned på dei underjordiske, og så var det dei som valde, at hestane hans fekk vommkast. Han kunde berre legja øyra ned til marka, så kunde han høyra, dei underjordiske lett nett ut krøtera sine no, sa Visknut. Ola la øyra til marka, og det var sant, det høyrdest akurat ut som om ein krøterbuskap vart utlett or eit fjøs. Ola Anderson tok og flytta fjøset, og sidan berga han hestane sine friske.