Tilbake

Halvor Nordbø og tussestuten

NORSK ORIGINAL

Halvor Nordbø og tussestuten. Halvor Nordbø (Evje) skulde ut i døri ein morgon fyre solrenningi. Då såg han heile storakeren sin yverdekte med krættur. Hudi (huldri) stod med ei ringkolle på armen og gjætte dei. Då gjekk Halvor inn etter børsa og tok sikte på den største stuten. Då ropa hudi til han og sa: "Du skjyte kje Ringal i dag Halvor. Du hev kje vaska deg". Då tok han med handi ned i det doggvåte graset og strauk seg yver andlitet og so brende han av. Då stupa stuten. Då høysta hudi: "No skal der ikkje bli frægdemænn på Nordbø i 7 led". Og dei gamle vilde ha det til at det slo til so. I øyro på stuten som Halvor skaut, var der tvo ringar. Den eine skulde fyrr vera på Mjaland i Mykland - um han er der no veit eg ikkje. Den andre var i forstogdynni i Haugan, Flatebygd like til 1890-åri. Notto Haugan hev truleg teke han med seg. Han bur no burte ved Grømstad. Det var ein annan klang i den enn i andre, det høyrde eg so tidt då eg var liten, for me stod jamt og fingra med han og slengde han innpå døri.
Informasjonom sagnet og kilden