Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53622. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53622
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53622. ML category: ml6045 (Huldrehornet (Draugen i Vallarhaugen)). Informant: Abigel Nilsdotter Stokkeland. Collector: Peter Lunde. Place: Søgne. County: Vest-Agder. Year: 1919. Archive signature: NFS Peter Lunde 2b, s. 197f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53622 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53622/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Jon Tosstenson Vennemyr var fødd i Lauvdal sokn umlag 1763 og døydde 1844. Daa han var heime i Lauvdal sokn, reid han framum ein bergvegg ein kveld. Daa høyrde han det var spel og dans inne i fjellet. Det kom nokre av underjordsfolki ut av fjellet, og ein av dei baud han drikke av eit krus. Men Jon torde ikkje smaka det, han slog paa hesten, og vilde koma burt so fort han kunde. Daa ropte underjordsfolket paa dei som var inne i fjellet, at dei skulde koma til hjelp, og han fekk heile skreidi etter seg. Dei naadde han ikkje att; men dei var so nære innpaa han at dei kasta kruset etter han so det skvette noko paa lenderne paa hesten. Det var so sterkt at det tok av haari.