Tilbake

Hahaug

NORSK ORIGINAL

Hahaug. På garden Viko i Gol, Hallingdal er ein stor haug, som dei kalla Hahaug. Han stig med bratte sidur upp frå dei flate jorder, som liggja umkring han, og uppå ser han ut som kjølen på ein båt. Folk på gardarne derumkring veit at fortelja mange segner um denne haugen frå gamle dagar. Ei av desse segnerne skal eg fortelja so godt eg kann. Det var fårleg at ganga uppå Hahaug seint um kvelden og allemest på ein jolaftaskveld, før det var haugafolk der, må veta. Mange år fyri denne dag skulde ein gut frå Golberg på uppset rida uppå haugen seint ein kveld, ja endå jolaftaskveld. Han reid afstad. Då han kom heilt upp, kom ein haugagubbe te honom med eit stort fullt drikkehorn og baud honom drikke. Guten tok imot hornet, likesom han vilde drikka. Men då han tenkte, det kunde væra noko dræpande i det, tømte han altsaman bakover seg. Det kom ein drope av det som var i hornet, ned på hestelende, og han var so sterk, at håret gjekk av på den staden. I det sama han hadde gjort detta, sprengde han avstad det fortaste hesten orka. Haugagubben vart so sinna, at han kasta gloande sverd ette honom og sagde, at det skulde skje honom ulukke te i hass niande lid. Og det heve nokk heppast ette, segjer gamle folk; ti til denne dag heve der på Golberg voret . . . (defekt) kryplingar elder i ein elder annan måte helselause. Det hornet som guten tok, hadde føter, og såg ut som eit anna drikkehorn. Folk brugte det sidan i brudlaup, men då hadde dei kosta tvo breide sylvholka på det, so det såg staselegt ut. Far min heve fortalt meg, at han mangen ei gong heve drukket av det i brudlaup. Det vardt selt og gjekk frå den eine til den andre. Det sidste brudlaup det brugtes i, var i Storlid i Ål. For umkring 50 år sidan vardt det selt for 32 kronur og innsendt til Universitetet i Kristiania. Men eg heve seinare hørt, at vor største eventyrsamlar skal hava fenget det frå Universitetet atte og heve det no for sin eigedeil.
Informasjonom sagnet og kilden