Tilbake
Sitering
Kort referanse
Drikkehornet. Norske sagn, ID 53641. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53641
Utvidet referanse
Drikkehornet. Norske sagn, ID 53641. ML category: ml6045 (Huldrehornet (Draugen i Vallarhaugen)). Collector: Kjell Bondevik. Place: Balestrand. County: Sogn og Fjordane. Year: 1926. Archive signature: NFS Kjell Bondevik 3, s. 15ff. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53641 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53641/
Drikkehornet
NORSK ORIGINAL
Drikkehornet.
På Syrstrand var det tvo haugar. Den eine kalla dei Djevelhaug, og den andre Baldershaug. I Baldershaug trudde dei at Baldershaugbonden var, og i Djevelhaug var Djevelhaugbonden. Desse låg jamt i strid, og dei gjorde kvarandre prettor rett som det var.
Ei jolehelg vart ein bonde på Syrstrand boden til gilde hjå Djevelhaugbonden. I dette gilde var det ikkje mangel på drikke, og Djevelhaugbonden vart drukken og sovna frå drikkehornet. No nytta den innbodne høvet og stal drikkehornet åt Djevelhaugbonden; men då han reid heim med hornet, so høyrde han ein fæl dur og eit brak, og då skyna han at Djevelhaugbonden var vakna og sette etter han for å få att hornet sitt. Men då ropte Baldershaugbonden frå Baldershaug til den flyktande: "Rid på åker og ikkje på eng, så får Djevelhaugbonden ein spreng". Og soleis kom han vel heimatt med drikkehornet åt Djevelhaugbonden. Dette hornet kom til Engjesæter, og frå Engjesæter fylgde det med eit giftarmål til Menes, og der hadde dei det i lang tid. Hornet var namnspurt yver heile bygdi. Det stod på tvo sylvføter. Men eigaren på Menes gjekk det seinare ut med, han måtte burt frå garden, og då vart hornet selt. Hornet vart kjøpt av gamle presten Sverdrup, og no skal det vera i Sverdrupsætti si eiga.
Ein gong skulde det verte slege av ein fot på dette hornet, og det segjest at det fanst ikkje nokon sylvsmed som var kar for å få dette til att med sylv. Difor måtte dei setja ein tinfot i staden for den sylvfoten.