Tilbake
Sitering
Kort referanse
Drykkjehodne på Øvrehus. Norske sagn, ID 53659. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53659
Utvidet referanse
Drykkjehodne på Øvrehus. Norske sagn, ID 53659. ML category: ml6045 (Huldrehornet (Draugen i Vallarhaugen)). Collector: Tor Skiftun. Place: Hjelmeland. County: Rogaland. Year: 1926. Archive signature: NFS Tor Skiftun 1-2, s 72f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53659 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53659/
Drykkjehodne på Øvrehus
NORSK ORIGINAL
Drykkjehodne på Øvrehus.
På garden Øvrehus var det i gamle dagar eit drykkjehodn som var sers vakkert og vent. Denne segnå fortel korleis hodnet kom til gards.
Han heitte Trond mannen på Øvrehus. Ein gong var han og kona i brudlaup på Hetland. Som visa var, sumla brudlaupsfolket og drakk. Trond var med og drakk. Men han var ikkje meir enn passeleg halvfull, han, då natti kom.
Då kom han på at han plent skulde heim. Kona kunde vere att. Han tok øyken og sette seg i salen. Og la på heimvegen.
Då han kom ned til enden av Hetlandsvatnet, gav han seg til å ropa: - Tunskål, tunskål!
Ut av ein knaus på nordaustre sida av vatnet lydde svaret med eit grovt mæle: - Bia, skal du få, bia skal du få!
Trond hadde ikkje venta svar. I redsla jaga han på hesten, alt han orka. Men hesten rikka seg ikkje av flekken. Då kom ei kvinne springande og flidde Trond eit stort gildt drykkjehorn og baud han drikka. Men Trond torde ikkje smake på drykken, for han såg og skyna skilleg vel at det var huldra som var ute og gjekk. Han tok imot og lyfte hornet, men gjorde ein sleng og tømde drykken attum seg.
I det same sette hesten på laup, og sprang av alle krefter. Huldra kom springande etter og ropa:
- Kom med hornet mitt, kom med hornet mitt!
Ut or ein haug på vestre sida kom ei anna hulder og ropa til Trond:
- Granne, granne, rid på åker og ikkje på vallen den harde!
Trond høyrde i det same eit fælt brak attum seg. Han skyna at no var det dei tvo huldrene som helsa på kvarandre. Hesten la i eit laup like åt stalldøra. Trond steig av, sette hesten på stallen og vilde skunde seg inn i stova. Då fyrst merka han at han enno heldt drykkjehornet i handa. Han tok ikkje hornet med inn. Det torde vere speleg. Han hengde det frå seg på ein tarvalds-krok utfyre stalldøra. Huldra måtte kunne finne det att her. Og Trond vilde ikkje gøyme på noko han ikkje ærleg åtte.
Han gjekk inn og la seg. Då han var åt og blunda høyrde han det rusla og tusla ute i gongen. Det kom nærare, lyfte klinka, opna døra og einkvan stig inn. Og han høyrde so falne ord:
- Eg har stride hardt og teke harde tak for deg no, granne. So no kan du vera trygg.
Trond takka og let vel. Dermed fór huldra, Trond sin granne, same vegen som ho kom.
Morgonen etter gjekk Trond uppover bøane og vilde sjå um det viste etter der huldrene hadde halde basketak. Eg trur rett det viste! Marka var uppriven og jord og stein var slengde um einannan i store dungar. So det synte etter at dei hadde teke hardt tak.
Trond gjekk so åt stallen og vilde sjå kor det stod til med hesten. Han vart var ein liten flekk på hestebaken, der håra var radt avsvede. Han skyna då at det måtte vere ein drope av huldredrykken som hadde kome ned på hesten med det same han tømde hornet attum seg.
Utfyre stalldøra hekk hornet enno på tarvaldskroken. Han tok det ned, og såg då at det var gullslege og eit mykje kostesamt horn. Trond gøymde det i kista si og hadde det so lenge han levde. Men kvar det seinare har vorte av dette drykkjehornet, som var slege med skirt gull, det veit ingen.
Han visste det ikkje Ola Måland heller, som fortalde meg denne segna.