Tilbake

Drågen

NORSK ORIGINAL

Drågen Drågen er halvt fisk og halvt menneske. Når han gjev seg til å slå i boringa på ein båt, varslar han feigt. Elles var det ei uferd med denne drågen, på kva måte han so tedde seg. Med- kvart kunde han skapa seg um til ein stein òg. Det vart han ute for han Johan Hanso i Vestvatn (Skjerstad). Ja, han skulde slå or sjøvottane sine i støa ein kveld. Men med det same han skulde slå dei mot steinen, so for dette som vistes å vera stein, komlande i havet.- Når dei sette båt, hadde drågen romet sitt attum båten. Og dei vilde lite halda seg der, gamlekarane. Men denne Hans Olso, eg før har tala um, prøvde det, han. Då det bar til å dra, høyrde han berre kor drågen lafsa og slo i fjøresteinane. I eit båtnaust nedpå Helgeland var dei so illa ute med drå- gen. Kva tid mannen kom ditett, fann han ferda etter han. Dørene på vid vegg; og børnskap og anna som var upphengt, var kome i tufta, og låg i vase. Mannen kunde gjera det kor han vilde; men det nytta ikkje; han fann det i same verde når han kom baker. Grytidleg ein morgon var mannen gangande til naustet. Då kom han til å få sjå ein skapnad som for furande etter naust- tufta. Mannen treiv ein steinbitpik, som stod trædd i veggen, og dreiv etter. Den hadde nok råka; for piken sågst ikkje meir. Og mannen fekk det no fredleg i naustet. Sume har fortalt, at mannen låg i naustet og vakta på; og under det kom drågen og tok til å maska med årane. Og kvart- etter han skreid attgjenom båten, sa han: "Her høv da inkj, her høv da inkj." So smikka mannen steinbitpiken i han, og sa: "Men her høv da!" Um vinteren, dei var på veg til Lofoten, kom dei uti uver på Helgelandsleia. Då tedde drågen seg for dei. "Akt de når da bi fembøring!", skreik han. Dei kom vel fram og noko meir såg dei ikkje likt til drågen all den tida dei var i Lofoten. Vinteren etter skifta mannen bruk; han rusta seg garn; og no laut det større båt til, ser du. Han fekk seg bygd ein fembøring. Men det vart ikkje rar utroren dei kom til å gjera med denne. Båten kom burt på veg til Lofoten. Og det sågst ikkje meir etter noko.
Informasjonom sagnet og kilden